I Sofies Verden er det mykje fokus på dei ulike tidsepokane opp gjennom tida. Ei av desse er til dømes romantikken og det kjem fram ulike særtrekk ved denne epoken. Romantikarane var særleg opptekne av det åndelege, vakre og sjelefylte. Uttrykk som ”verdenssjelen” og ”verdensånden” vart mykje brukt. Følelsar og lengslar vart uttrykt gjennom ulike kunststilar. Til dømes Måneskinnsonaten av Beethoven som uttrykkjer romanse.
Ein anna form for romantikk var nasjonalromantikken. Romantikarane da var særleg opptekne av folkets historie, folkets språk og i generelt den folkelege kulturen. Eit døme på dette er det nasjonalromantiske måleriet Brudeferd i Hardanger av Tidemand og Gude.
Historiefilosofen Herder brukte uttrykket ”Folkenes moderspråk”. Med dette meinte han folkediktinga som hadde levd på folkemunne i mange hundre år. Både folkeeventyr og folkeviser vart nå samla inn og nedskrive. I Tyskland sette brørne Grimm i gang med å samla inn eventyr som Rødhette, Snehvit og Askepott. I Noreg hadde vi Asbjørnsen og Moe som reiste rundt og samla eventyr – folkets eiga dikting.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar