onsdag 24. september 2008

Hamlet


Oppgåver i læreboka, s. 307

1) Det er valet mellom å fortsetje å leve eller ta sitt eige liv Hamlet siktar til, når han seier «Å være eller ikke være...»

2) Det er sorglausheita som freistar Hamlet til å ta sitt eige liv. Han vil sleppe alle bekymringar, alle bører, alle problem. Tenk å vere sorglaus og fri? Tenk å berre drøyme?

3) Likevel tek ikkje Hamlet livet sitt. Ein veit ikkje kva som ventar etter døden. Han seier «så vi vil heller bære gamle sorger enn gå til nye som vi ikke kjenner.» Han er altså redd og usikker på kva som skjer etter at ein er død. Sidan ingen av oss veit svaret på det, er det ikkje greitt å finne ut av heller. Det kan jo like så godt vere verre etter døden enn før? Derfor tek han ikkje livet sitt. Derfor vil han heller «bære gamle sorger enn gå til nye vi ikke kjenner».

4) Refleksjon og ettertanke er dårelge eigenskapar i følgje Hamlet. Grunnen til dette et at i ein kvikk augneblink er du uredd og klar for nye utfordringar. Eller du skjøner ikkje kva som kan vere verre enn alle problema, alt maset og alt det fæle du plagast med. I ei lita stund er det einaste du er sikker på at du er ferdig med livet. Om du får tenkt deg om litt, altså du får tid til refleksjon og ettertanke, så finn du kanskje ut at livet du har her er ganske trygt og godt likevel. Du finn iallfall ut at du ikkje veit kva som venter deg på den andre sida.

5) Eg trur Hamlet er ganske klok. Han tenkjer seg om to gonger, noko som er bra. Når det er sagt, har han truleg sitt å stri med, han som alle andre. Likevel tek han ikkje den lettaste utvegen. Derfor trur eg han er klok.

fredag 19. september 2008

Roma i Antikken

Dette biletet viser ein rekonstruksjon av sentrale delar av Roma på 300-talet e. Kr. Oppe til høgre ser vi gigantbygget og arenaen Colosseum. Ved sidan av til venstre, ser vi eit byggverk med mange søyler. Dette er den delen som kallast Forum Romanum i dag. I dag er det berre ein liten del av Forum Romanum som er att, men det er òg den einaste verkeleg gamle bydelen du kan sjå i dag. Nedanfor Forum Romanum ser vi ein stor, avlang arena. Det er Circus Maximus. Her heldt dei både konkurranseløp med hest og vogn og gladiatorkampar. I dag kan ein berre skimte restar etter dette voldsome byggverket. Det blir sagt at Circus Maximus romma eit par hundre tusen menneske.


mandag 8. september 2008

Skalden og rolla hans i samfunnet


9 s 51) 
Ein skald var ein som var ansett av kongen. Han skulle underhalde kongen og hans folk med dikting. Ofte fekk skalden i oppgåve å skryte av kongen, ofte forretningane hans. Skaldane er forfattarar av verk vi stort sett kjenner til i dag. Dei kunne opptre som hoffpoetar, historieskrivarar eller krigsreportarar. Skaldane kunne òg reise på besøk frå fyrste til fyrste og heidre han med hyllingskvad. Ein kjend skald som gjorde dette er til dømes Gunnlaug Ormstunge. Skaldane hadde ofte høg status. Dei fekk av og til vere med i hirden til kongen, slik som da Olav den heilage hadde med seg tre skaldar på Stiklestad i 1030. Grunnen til at han tok dei med, var at dei seinare betre kunne dikte om slaget. Dessutan fekk dei godt betalt, alt i frå luksusklede og gull til skip. Skalden var altså høgt verdsett i samfunnet. Det er fleire årsakar til at skalden fekk den rolla han fekk. Ein av dei er at det var han som fekk ansvaret for å formidle litteratur og nedskrivne tekster. Skalden kunne lese og skrive, dette var det ikkje mange andre som kunne. Han vart eit slags heltesymbol som skulle heidre kongen. 

torsdag 4. september 2008

Hjulet - ei teknologisk nyvinning


Hjulet var ei banebrytande oppfinning når det fyrste eksemplaret vart til i Mesopotamia ca 4000 år f.Kr. Denne nyvinninga var særs viktig for folket. No vart nye moglegheiter skapt, særleg innanfor transport. No kunne ein frakte betydelege større kvanta enn tidlegare. Dette innebar til ein viss grad mindre tungt kroppsleg arbeid, sidan ein no ikkje var nøydd til å lyfte alt med makt. Likevel måtte gjerne "traller" eller liknande dragast manuelt. Hjulet vart, og er framleis brukt både i løfteanordningar og dreieskiver. I moderne tid òg i maskinar. 

Det fyrste hjulet var nok likevel ikkje heilt likt det hjulet vi kjenner i dag. I staden for at det var heilt rundt, var det truleg kantete. Men prinsippet - det var det same den gongen som no. Ei verd utan hjulet hadde vore utenkeleg for oss i dag. Og jammen er det godt gjort å finne opp noko så genialt at idèen held seg i tusenvis av år!