torsdag 7. mai 2009

Bjørnstjerne Bjørnson


”Ingen ting i verden er umulig!” sa Bjørnstjerne Bjørnson ein gong. Truleg sa han dette etter at han var blitt ein kjend og samfunnsengasjert forfattar og debattant. Han kom til verda 8. Desember 1832, litt nord for Tynset. På universitetet i Christiania møtte han Jonas Lie, Henrik Ibsen og Aasmund Olavsson Vinje, noko som kom til å prege han framover. Etter eksamen tok han til å jobbe som journalist, der han stort sett skreiv om litteratur og teater. I 1857 kom debuten ”Synnøve Solbakken” og i 1858 gifta han seg med Karoline Reimers. Same år kom ei bok til, nemleg oppfølgjaren ”Arne”. Vi kjenner òg verk som ”En glad gutt” og ”Fiskerjenten”. Bjørnson gjorde òg andre ting enn berre å skrive. Han var mellom anna teatersjef og frå 1874-1876 var han i utlandet. Der fekk han att inspirasjon til å skrive meir og flytta heim til Noreg og busette seg på Aulestad i Gausdal. Bjørnson er rekna for å vere ein av dei ”fire store” og dei fleste kjenner han best som forfattaren av ”Ja vi elsker”. Han døydde i 1910.