mandag 26. januar 2009

Sofies verden og romantikken


I Sofies Verden er det mykje fokus på dei ulike tidsepokane opp gjennom tida. Ei av desse er til dømes romantikken og det kjem fram ulike særtrekk ved denne epoken. Romantikarane var særleg opptekne av det åndelege, vakre og sjelefylte. Uttrykk som ”verdenssjelen” og ”verdensånden” vart mykje brukt. Følelsar og lengslar vart uttrykt gjennom ulike kunststilar. Til dømes Måneskinnsonaten av Beethoven som uttrykkjer romanse. 

Ein anna form for romantikk var nasjonalromantikken. Romantikarane da var særleg opptekne av folkets historie, folkets språk og i generelt den folkelege kulturen. Eit døme på dette er det nasjonalromantiske måleriet Brudeferd i Hardanger av Tidemand og Gude. 

Historiefilosofen Herder brukte uttrykket ”Folkenes moderspråk”. Med dette meinte han folkediktinga som hadde levd på folkemunne i mange hundre år. Både folkeeventyr og folkeviser vart nå samla inn og nedskrive. I Tyskland sette brørne Grimm i gang med å samla inn eventyr som Rødhette, Snehvit og Askepott. I Noreg hadde vi Asbjørnsen og Moe som reiste rundt og samla eventyr – folkets eiga dikting.

Bilde


onsdag 21. januar 2009

Typisk norsk, sa du?


Den svorske bloggaren Niklas Claesson skriv mykje om kva nordmenn er, kva dei gjer og kva som gjer nordmenn til nordmenn. Noko av det han trekkjer fram, ofte litt "mellom linjene", er kor trongsynte det norske folk eigentleg er, utan å ville vedgå det. Han skriv òg om korleis nordmenn har problem med å bryte med tradisjonar, "det vanlege" og ikkje minst med kvarandre. Vi trur at vi er dei mest fordomslause og opne menneska i verda. "Eg kunne jo invitert han nye (og litt rare) naboen på middag i dag, men eg har ikkje tid. Det får bli ein annan gong."

tirsdag 13. januar 2009

Jeanne d'Arc


Eg har lyst til å finne ut meir om denne kvinnelege helten som kom til verda i 1412 og som berre vart 19 år gamal. Likevel leidde ho Frankrike i kamp mot England under Hundreårskrigen inntil ho vart henretta. Korleis påverka samfunnsrammene på den tida handlingane hennar? I læreboka er det del 2 som omhandlar dette tidsrommet da ho levde. Nærare bestemt s 136 og utover. Eg trur eg vel Power Point som presentasjonsform, sidan eg likar det godt.

Bilde

Bayeux-teppet


Bayeux-teppet er eit teppe på 70 meter. Det vart ferdig rett etter at Vilhelm Erobraren (frå Normandie) hadde vunne eit avgjerande slag over engelske styrkar i byen Hastings. Teppet kan brukast som ei historisk kjelde, fordi det skildrar hendingar som den og ikkje minst fordi det skildrar klesdrakt, arkitektur, våpenbruk, symbol og dekorasjonar. Det vart ein gong i tida brukt som propaganda, for det var jo den typen bildemedium dei hadde å bruke. Teppet vart til dømes brukt som reklame for kongen og hertugen, slik at gjestane deira kunne sjå kva storarta slike menn dreiv med. I dag heng det ein kopi av teppet i full storleik frå 1886 på eit museum i den engelske byen Reading.

Bilde

mandag 12. januar 2009

Teikneseriar - forankrande, avløysande eller motseiiande?


Eg vil seie at Rutetid er avløysande her. Teksta tilfører noko nytt til bildet, for det er ikkje akkurat det vi forventar å høyre kome frå eit slikt djevelsk vesen.

 

Her vil eg seie Nemi er forankrande. Det at Wes Craven har regien, gjer at vi blir leidd i ei retning av tankegang. Craven er kjend for sine spesielle filmar med monster og stygge vesen,  og det at hans namn dukkar opp her gjer at vi veit korleis vi skal forstå stripa. Men det krev litt forkunnskap om kven denne mannen eigentleg er, osb.

torsdag 8. januar 2009

"Finn eg noko blant alle desse korallane tru?"

Den gamle blåkvalen på over 150 tonn forflyttar seg sakte og varsamt. På stadig nye oppdagingar tek den seg gjennom vatnet, akkurat som den har gjort heile livet. Med nasen vendt nedover sym den djupare og djupare. Kanskje finn den noko godt òg?

Dette er ein kval



Dette er ein kval. På jakt etter godbitar på havets botn.