Bayeux-teppet er eit teppe på 70 meter. Det vart ferdig rett etter at Vilhelm Erobraren (frå Normandie) hadde vunne eit avgjerande slag over engelske styrkar i byen Hastings. Teppet kan brukast som ei historisk kjelde, fordi det skildrar hendingar som den og ikkje minst fordi det skildrar klesdrakt, arkitektur, våpenbruk, symbol og dekorasjonar. Det vart ein gong i tida brukt som propaganda, for det var jo den typen bildemedium dei hadde å bruke. Teppet vart til dømes brukt som reklame for kongen og hertugen, slik at gjestane deira kunne sjå kva storarta slike menn dreiv med. I dag heng det ein kopi av teppet i full storleik frå 1886 på eit museum i den engelske byen Reading.
tirsdag 13. januar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar