torsdag 28. august 2008

"Andvake" av Jon Fosse


Asle er 17 år gamal og har rømd saman med den gravide kjærasten sin. Dei er utan husly ei kald og fuktig natt i Bjørgvin (Bergen), og er derfor desperate etter ein stad å vere. Akkurat som med Maria i Bibelen, spør dei etter rom på eit herberge. Alida, som er gravid, vil ikkje vere der. Dei går vidare, og bankar på døra til ei gammal dame, ei dei tydlegvis har sett før. Ho vil ikkje ha dei der, sier at når dei har stelt seg slik, lyt dei ta ansvaret sjølve. Trass dette blir det til at Asle og Alida går inn i huset, mot hennar vilje.

torsdag 21. august 2008

"Saman er ein mindre aleine" av Anna Gavalda (fr.)


Denne franske storseljaren imponerer stadig vekk. Sjølv les eg denne boka no, men har ikkje kome så langt som til utdraget i txt-boka. Derfor fekk eg ein liten tjuvtitt på kva boka har å by på, og det skuffa ikkje. Dette avsnittet eg las no, handlar om Camille og Franck. Desse personane trur eg både kan vere litt ulike, men samtidig ha svært mykje til felles. Båe er travle og bur ikkje så fint at det gjer noko. Båe har dei sitt å stri med, men kanskje viktigast; dei er einsame. Inntil dei møter kvarandre.

Utdraget i txt-boka er frå eit kapittel der dei kastar seg over einannan i ei rein elskovsakt. Likevel lovar begge at dei aldri skal forelske seg i kvarandre. Spørsmålet er om det er i ferd med å skje eller ikkje. Det får eg vite når eg kjem så langt i boka, og ja - eg gler meg!

onsdag 20. august 2008

Rein tekst - leselystaksjon 08


Rein tekst er årets leselystaksjonbok. Det er ei nett, lita og lett pocketbok som inneheld ei pen samling ulike tekster. Her finn du alt frå romanar til teikneseriar og faglitteratur. Denne boka er laga for å få fleire unge til å lese. Og ikkje minst; lese meir. Til opplegget høyrer det òg med ei konkurranse, der du ser ein liten filmsnutt og prøver å finne ut kva tekst den høyrer til. Ein kan vinne flotte premiar, og er du riktig heldig reiser du til Oslo med ein ven!
Bilete er henta frå www.foreningenles.no

tirsdag 19. august 2008

Blogginga tek til



No har eg oppretta ein blogg som skal brukast i historie- og norsksamanheng på skulen. Oppgåver og diverse relevant tema vil kome her etterkvart.