torsdag 16. oktober 2008

Greske nyvinningar


I den greske antikken finn vi mange nyvinningar innanfor kunst, kultur og vitskap:

- Demokratiet i Athen. (Innført 507 år f.Kr.)

- Tilpassinga av det fønikiske alfabetet til det greske språket (teke i bruk på 700-talet f.Kr.) Gjorde at skrivekunsten spreidde seg raskt.

- Nedskriving av gamle heltedikt og historiske oversikter (t.d Odysseen og Iliaden)

- Utviklinga av teateret frå det religiøse ritualet til det meir undehaldande.

- Dei olympiske leikane (fyrste gong 776 år f.Kr.)

- Trua grekarane hadde på fornufta (frå 600-talet f.Kr ->)

- Demokrit sin teori om at alt er bygd opp av atom (på 400-talet f.Kr)

- Hippokrates sin teori om at alle sjukdommar har ei naturleg forklaring (på 400-talet f.Kr. Rekna som grunnleggjaren av legevitskapen)

- Sokrates med sin teori om at mennesket ville gjere det beste for seg sjølv og andre dersom det berre fekk tilstrekkeleg med kunnskap om dette. (La grunnlaget for etikken, innanfor filosofien)

- Platon sine tankar om idèverda og grunnleggjinga av av filosofiskulen Akademiet

- Aristoteles sine tankar om den verda vi lever i og organiseringa hans av dyr og planter. (Blir rekna som grunnleggjaren av biologien.)


Demokratiet var ei svært viktig nyvinning. Det at athenararne gjennomførte ein slags demokratisk revolusjon etter at ein tyrann vart jaga vekk, fekk stor påverknad for demokratiet som vart innført i 507 år f. Kr. Trass i at det berre var menn som hadde stemmerett og sånn, var dette grunnlaget for den styreforma vi i dag kjenner. Demokratiet var utvilsamt eit gjennombrot, der folket endeleg kunne ta del i det politiske, nemleg det som angjekk dei alle.

Bilde

torsdag 9. oktober 2008

Bilde frå Barokken


Rembrandt: Dr. Nicolaes Tulps anatomiforelesning (1632)

Noko av det som gjer at dette bilde kan kjenneteiknast som eit kunstverk frå Barokken er oppbyggjinga av det. Vi ser tydeleg Andreaskorset (x-form) og vi kan òg trekkje klare liner på skrå. Det skildrar altså ei anatomiforelesning og menneska er kledd fint. Det ser religiøst ut.

Bilde er henta frå her.