mandag 12. januar 2009

Teikneseriar - forankrande, avløysande eller motseiiande?


Eg vil seie at Rutetid er avløysande her. Teksta tilfører noko nytt til bildet, for det er ikkje akkurat det vi forventar å høyre kome frå eit slikt djevelsk vesen.

 

Her vil eg seie Nemi er forankrande. Det at Wes Craven har regien, gjer at vi blir leidd i ei retning av tankegang. Craven er kjend for sine spesielle filmar med monster og stygge vesen,  og det at hans namn dukkar opp her gjer at vi veit korleis vi skal forstå stripa. Men det krev litt forkunnskap om kven denne mannen eigentleg er, osb.

torsdag 8. januar 2009

"Finn eg noko blant alle desse korallane tru?"

Den gamle blåkvalen på over 150 tonn forflyttar seg sakte og varsamt. På stadig nye oppdagingar tek den seg gjennom vatnet, akkurat som den har gjort heile livet. Med nasen vendt nedover sym den djupare og djupare. Kanskje finn den noko godt òg?

Dette er ein kval



Dette er ein kval. På jakt etter godbitar på havets botn.

torsdag 11. desember 2008

Paul Auster - glog

Auggie Wrens juleforteljing



Det er noko spesielt med juleforteljingar. Det treng ikkje nødvendigvis skje så utruleg mykje i forteljinga, men likevel klarer du ikkje å leggje den frå deg. Det treng ikkje vere nifse, dramatiske avsnitt, men likevel er det spennande. Spennane og ofte uskyldig. Du finn aldri skytedrama eller bloddryppande episodar i ei juleforteljing. Ofte er det heilt daglegdagse ting som skjer, men den blir skildra på ein svært fin og ufarleg måte. Det er òg som regel ein del kjensler med i bildet, anten på den eine eller andre måten. Og det viktigaste; det ender alltid godt og det er ein bodskap. I jula skal alle ha det godt, og dermed så sluttar det alltid godt. Kanskje kan ein samanlikne slike forteljingar med begrepet «solskinnshistorier»?

Eit døme på ei slik historie er Auggie Wrens juleforteljing. Den handlar om Auggie Wren, den korte mannen i blå hettejumper som sel sigarar og som ein dag fortel ei historie. Auggie har òg ein lidenskap; han fotograferer frå det same gatehjørnet kvar dag, presis klokka sju om morgonen. Dette har han heldt på med i tolv år, og alle bilda er systematisk ordna i album. Historia Auggie fortel, handlar om korleis han fekk tak i kameraet sitt. Korleis han gav seg ut for å vere barnebarnet til ei blind, gamal dame, som eigentleg var bestemora til ein som stal pocketbøker i kiosken hans. Auggie Wrens juleforteljing er nettopp ei juleforteljing fordi den er uskuldig, fin, den vekker noko i oss, vi får kjennskap til ein person som har ein lidenskap. Og denne personen vil dele det med oss. Eller forfattaren vil dele det med oss. Historia er aldri særleg dramatisk og den ender godt. Noko av det viktigaste i denne novella er kanskje likevel bodskapet. Det er ikkje ein lærepenge om at «du skal ikkje stele», som er tema her. Det er heller det å gje noko av seg sjølv, å gle andre. I forteljinga høyrer vi om Auggie som avlegg den tidlegare nemnde bestemora ein visitt, fyrst for å levere attende lommeboka til tjuven (som er barnebarnet hennar), men han ender opp med noko heilt anna. I staden seier han at han er barnebarnet hennar. Han gjev ho ein lang klem og fortel ho at det har ordna seg for han; alt det ho vil høyre. Inst inne veit ho nok at det ikkje er han, men det er fint likevel. Det er jul. Ho er einsam og ho skjønar at denne karen er hyggeleg. Dei har det fint saman og det gjer ikkje noko at dei ikkje kjenner kvarandre. Dette skulle seinare vise seg å bli den siste jula hennar. Derfor var det ekstra fint, slik ei juleforteljing ofte er.

Auggie Wren vil ikkje ha namnet sitt i forteljinga, fordi han meiner han blir stilt i eit dårleg lys. Det meiner ikkje eg. Tvert imot. Han er jo «helten», om vi kan kalle han det. I staden for å anmelde tjuveriet vil han levere attende lommeboka. Og i staden for å avvise den blinde bestemora da ho så inderleg spør om han er barnebarnet hennar, er han hos ho. Han er snill mot ho og handlar inn mykje mat. Han stel òg eit kamera som truleg er tjuvgods det rette barnebarnet hennar lagrar der, men det gjer ikkje noko i denne samanhengen. Kvar dag sidan den gong har han brukt kameraet, det er lidenskapen og kunsten hans. Ein viktig del av han. Han gir seg òg ut for å vere barnebarnet hennar utan eigentleg å vere det, men det gjer heller ikkje noko i denne samanhengen. Hadde det ikkje vore for han, hadde den gamle, blinde dame vorten foruten besøk den siste jula ho levde.


Auggie Wrens juleforteljing tematiserer tid på fleire måtar. Da Auggie fortel historia si får vi nesten ei slags kjensle av å gå attende i tid. Det er noko som har hendt han for lenge sidan, men han tek det opp att nå. Dessutan er alle bileta til Auggie viktig her. Han har fotografert det same gatehjørnet i tolv år. Han har bilde frå kvar einaste morgon dei siste tolv åra, der dei same rutinene blir følgde. Årstidene skiftar i tur og orden. Dei same menneska går forbi, på veg til jobben eller ein annan stad. Desse menneska eldast gjennom bileta. Vi kan sjå utviklinga og korleis tida går.

Paul Auster er kjend for å skrive mange historier inn i ei historie. Dette gjeld òg i Auggie Wrens juleforteljing. Den tek til med at vi får kjennskap til personen Auggie Wren. Vi får innblikk i den litt hemmelege kunsten hans òg. Seinare i forteljinga fortel Auggie Wren sjølv ei forteljing i forteljinga. Det høyrest kanksje komplisert ut, men det er det ikkje. Her får vi ei ny handling presentert og nye personar å forhalde oss til. Paul Auster skriv derfor fleire historier inn i ei historie. Biletsamlinga er òg ei historie. Ved andre augekast ser ein kva for ei historie som skjuler seg i bilda. Dette er spesielt for Auster si skriving.
Bilde

onsdag 12. november 2008

"Ooooh, I got erection!"



sang Isak for mentawaiane i Indonesia da den norske familien, Alsos, skulle ha "norsk kulturkveld" for stamma. Familien er deltakarar på nrk-programmet "Den store reisen". Med seg hadde Isak storebror Øystein, på el-gitar. Norsk rock er vel ikkje akkurat kvardagskost for mentawai-befolkninga, men det såg ut til at dei kosa seg. På denne måten kan kulturar møtast, og latter delast. Det er fint å sjå at dei totalt ulike kulturane går så godt saman, og at dei forstår kvarandre så godt som dei gjer.

Kjelde og bilde

onsdag 5. november 2008

Å finne kulturkonteksten i ei tekst


Å finne kulturkonteksten i ei tekst er ikkje alltid like lett. Det å forstå kva ei tekst eigentleg handlar om, det å forstå forfattaren av den og det å "sjå den store samanhengen". Det å setje det inn i eit historisk perspektiv. Eller det å sjå lesaren i høve til fofattaren. Alt dette kan vere døme på utfordringar du vil møte i ei slik oppgåve. Om du likevel prøver å forstå, både kva det inneber og korleis du skal gjere det; du lærer av det uansett. Dette fekk klassa vår prøve i sist norsktime. Med begrensa tid og erfaring gjekk det så som så for min eigen del, men likevel vart eg tvinga til å sjå teksta på ein ny måte. Du må tenkje over spørsmål du aldri før har tenkt gjennom når du les ei tekst. Du må leite etter ord, vere kritisk til det du les, og samtidig sette dette i ein samanheng med det du kan frå før. Det kan vere ei utfordring for nokon og ein kvar, men etterkvart som ein les og forstår meir, trur eg ein tener mykje på det. Eg trur det kan hjelpe deg til å forstå ulike kulturar og personlegdomar. Og ikkje minst det samfunnet vi lever i.

Bilde